Funn Forlag
Halvorsen er i salg her:
Strålende bokanmeldelse av Halvorsen!
Den herlege og heilsprø Halvorsen må du berre bli kjent med! NY FAVORITT: Lesestunda får ein ny dimensjon når Halvorsen kjem inn i biletet. Av og til dukkar ei bok opp av ingenting og tek totalt innersvingen på meg. Etter å ha lese og ledd meg gjennom dei 29 illustrerte sidene i boka «Halvorsen», om ein kar som vinn innsikt på sjeldan originalt og fartsfylt vis, er eg overtydd om at barn og andre leseglade i Noreg treng meir av Halvorsen. Biletboka kom ut i fjor, på nyetablerte Funn forlag. Hovudpersonen liknar utsjånadsmessig ein miks av ein gammal viking og ein slags heilårs julenisse, han gjer eit absolutt herleg førsteinntrykk heilt frå den spretne spagaten på omslaget. I ei historie som er like enkel som ho er genial, blir vi kjende med Halvorsen, ein kar som har mangt og mykje i livet, men som har oppdaga noko som gjer han klar til å dela absolutt alt saman. For ein dyreelskar er det også vanskeleg å la vera å trekka fram den absolutt bedårande bipersonen. Ein namnlaus katt som er med gjennom heile forteljinga, og ved fleire høve er nær ved å måtta trekka frå nokre av sine ni liv. Matfar blir nemleg svært drastisk i tiltaka sine utover i boka, og pus blir ikkje konsultert. Halvorsen har rett nok sin gode grunn for sine eksplosive handlemåtar, ut gjennom forteljinga, men løyndomen hans er på kløktig vis spart til siste side, og skal heller ikkje røpast her. Det som først og fremst skal til for å lukkast med ei ny barnebok, er evna til å skapa originale uttrykk, og innhald som er tidlaust, verkeleg morosamt og også allment. Alt dette er innfridd av forfattarduo Randi Høvik Næss og Ida S.H. Eliassen i «Halvorsen». Illustrasjonane er robuste, det vil seia passe store og detaljerte, dei er varierte og proppfulle av småting og situasjonar som barn og vaksne kan snakka vidare om og le av i lag. Utdrag av bokanmeldelse i Dagen. Sofie Braut, 09.02.2026
Sagt om Halvorsen:
Janne, bibliotekar:
En kjempemorsom tekst og fine illustrasjoner! Kan igangsette mange fine samtaler og sikkert gi mye latter og moro.
Ingrid (4 år):
Det var en tøysete bok! Er det mer??
Mohammed Mohmmed, ped.leder, Norlandia Sjøflyhavna barnehage:
Boken hadde kort og tydelig tekst, gode og engasjerende bilder, og var lett å lese høyt for barna. De viste interesse gjennom hele lesestunden. Jeg mener boken passer godt for alle aldre i barnehagen, da både de yngste og de eldste kunne henge med og finne noe spennende å se på eller lytte til.
Med de eldste barna fokuserte vi litt mer på åpne spørsmål underveis. Vi ga dem tid til å tenke selv og komme med ideer om hva Halvorsen kunne ha tenkt i ulike situasjoner. Dette førte til mange fine refleksjoner, og barna delte ivrig tanker og forslag. De syntes også boken var morsom.
Om oss og kontakt
Funn Forlag ble etablert i 2025 av statsviter og forfatter Randi Høvik Næss og illustratør Ida S. H. Eliassen. Visjonen vår er å utgi tidløse bøker for voksne og barn.
​
Vi kommer i første omgang til å gi ut våre egne bøker og tar derfor ikke imot manus fra andre.
​​
Du kan kontakte oss på følgende e-post:
_edited.jpg)
Randi

Ida
_heic.png)
